Gatebil Mantorp

Er det eigentleg bedre å få noko seint, enn aldri å få det i det heile?
Ikkje veit eg, men her er i alle fall litt bilder frå Gatebil Mantorp.
Arve Fluto Brekkhus aka Pluto Performance er klar for pit-innsats.
På andre sida av landet står mercen til Steffen Rudsengen klar.
Ken Robin ønsker Rudsi god tur med venleg helsing.
Reidar Fjøsne Skartun aka RFS Performance veit kor viktig det er med tilstrekkeleg inntak av væske.
Vel framme er Alvin godt klar til å køyre litt.
Bøllebørsa står klar til spagat.
Supran til Alvin gjekk smertefritt, heilt til den fekk aua i det elektroniske spjeldhuset (ja, sjølvsagt i den einaste GM-delen på bilen sjølvsagt).
Då fekk Alvin låne den überfeite E60’en til Mathias Imenes.
Imenes lot Lægreid få bruke E60’en i kvalliken til breisladden. Ein liten dirtdrop gjorde at Alvin ikkje kvalla, men det var ein sensuell BMW-opplevelse, og Lægreid er evig takknemleg for lånet. Gatebil spirit FTW!
Arve er imponert. Sikkert ein Nornes-fan dette.
Som ein superhelt dukka plutseleg Emil opp, VEMS sjefen sjølv, og hjalp Alvin med styringen av gasspjeldet. Dei grilla kretskortet til styringen av pedalen, og bytta ut dei delene som var øydelagde. Utan han hadde det ikkje blitt meir køyring. GO GO POWER-EMIL!
Alvin kjeda seg på nattestid og fann litt meir jobb å gjere. Dogbox’en var i behov for litt omsorg. Og Vidar Lund hjalp steppa inn og hjalp til. Takk!
Medan Emil og Alvin fiksa bil, fann Steffen Rudsengen drøymebilen sin, tidleg søndags morgon. Ikkje uventa, ein Opel.
Nattevakta til Alvin betalte seg, med friskmeldt bil og heftig køyring.
Energidrikk-kongen poserar framfor favorittdisken.
Etterkvart som det ryktast at Alvin var tilgjengeleg som co-pilot, vart det stor rift om Sogndals store son. Til slutt var det Fredrik Myhre som trakk det lengste strået/betalte mest, og fekk æra av å utnytte Lægreid som ein lykkebringande harelabb.
Dermed vart det også klin rett i finalen med gromgutane.
Etter at gummiskodda hadde lagt seg, vart det ein finfin 2. plass på herr Myhre.
Så var eventyret over og den lange vegen heim stod for tur.
Alvin klar for å kome heim til senga, men håpar den er tom slik at han slepp å bli heilt utsliten før han kan sove.
Arve skal sjølvsagt på jobb neste dag, han er jo ikkje kjend for å ligge på latsida.
Godt Arve har fått ny forsyning med hjertestopparar. Med eitt brett til kvart måltid er det null problem å vere vaken.
I tillegg til å representere Noreg i landskampen i drifting mot Sverige, kunne Steffen Rudsengen gi sonen ei ny leike når han kom heim. Nemleg pokalen for 3. plass for beste, flottaste, mest sexy tyske bil. Du skjønar at Rudsi har for mange pokalar når minien får bruke den som snørrkopp.