Ein av superhelt Alvin sine spesialitetar på kjøkenet er Fleskasaus. Her skal du jammen saktens få den noko lunde hemmelige oppskrifta hans.

Fleskasaus:

– Lag kvit saus
Ingrediensar:
1 spiseskei smør (skikkeleg smør, ikkje noko femi-light-greier)
2 spiseskei kveitemjøl
4 desiliter mjølk
ca. ¼ teskeis salt

Slik gjer du:
Smelt smøret i ein kjele. Rør inn mjølet til blandinga er jamn og utan klumpar. Spe i mjølk litt etter litt medan du rører. Rør til sausen kokar mellom kvar gong og pass på at den ikkje har klumpar. Lat sausen koke i 5 minutter etter at den er ferdig spedd.

– Kutt opp og steik flesk/bacon. Masse flesk. Skikkeleg flesk med feitt på.
– Kok poteter til å ha ved sidan av.
(null)
– Hiv ferdig steikt flesk oppi den kvite sausen og rør den inn.
(null)

– Et til du kjenner at buksa er vorte for liten, til du kjenner tarmtottane er i ferd med å sprekke og til boxeren strammar på feil plassar.