Fiskefjasen

Korleis går det når driftnerds fiskar? Bli med Lars Magne Kløve på fisketur.
Først: finn ein egna fiskeplass. Helst ein plass der det er vatn, sidan fisk lev i vatnet.
Hiv ut sluken og trekk inn. Har du flaks kan du få ein slik ein.
Så fort du får ein fisk får du også adrenalin i kroppen. Då er det viktig å roe seg litt og hugse på at resten av fisken framleis er i vatnet. Hiv sluken ut i vatnet, og ikkje i ein vilkårleg retning rundt deg, for då kan dette skje.
Dersom det likevel skulle skje, ver kompis og ta med fangsten til lege, slik at han kan få hjelp og du kan få att sluken din.