Ferie snart?

Ørjan Nilsen var ikkje på Dagali, men brukte tida i garasjen. Og litt utanfor garasjen, som jo er fullt forståeleg når det står ein soppass lekker Corolla utanfor. Og ‘Rollan treng jo også kjærleik. Får vi sjå Noregs første Corolla med styla Soarerfront?
–
Tilbake til Soareren
–
Dat ass <3
–
Ørjan Nilsen inspirerar fansen. Slik som denne truckeren som Petter Lauvås såg, som tydelegvis har beisa sjarken sin i Ørjan Nilsen-fargar.
–
Innimellom all trailer-kiking, rekk Petter’n å skru ein bolt eller to.
–
Morten Ivarsflaten har også nok å gjere med driftebilen sin. Dessverre får han ikkje tid til det, når trekkbilen streikar. Bedre med ein Sprinter som står, enn ein Hiace som går? Eller var det omvendt…
–
Kenneth Johnsen har vore på ein intim liten ferietur. Soppass intim at både vogn og bil må desinfiserast?
–
Hmmm… tippar dette er lurespørsmål. Det er skiboksen han har polert!
–
Nokon som vil bytte?
–
Steffen Tveite durar på med Supra’en.
–
Smygen er i full Riga-modus. Han snakkar ikkje om anna enn Riga. Faktisk har Driftnerd-redaksjonen fått bekymringsmeldingar frå familien hans om at vi burde få han over i litt andre tankebaner. Men vi skjønnar El Smygos fullstendig, og gir f i det. Riga baibiiii!