Drifting vs Sex

February 16, 2015
0

Her er nokre grunnar til kvifor drifting er betre enn sex.

– Ein slepp å hoppe av i svingen når ein køyrer drifting. Det er faktisk veldig lite lurt å gjere det.
– Du kan drifte så lenge du sjølv vil og orkar. Ingen kjeftar på deg om du er ferdig etter 2 minutt.
– Det er allmennt aksepert å gi bilen juling når ein køyrer.
– Når du er lei av å køyre, kan du låse bilen inn i garasjen.
– I drifting blir du hylla av publikum om du sprenger gummien.
– Drifting fører ikkje til uønska graviditetar.
– Du kan svi av så masse gummi du vil når du driftar.
– Drifting forbrenner fleire kaloriar enn sex.
– Drifting er langt billigare enn sex, i lengden.
– Du kan ha med deg ein kompis når du driftar, uten at det blir creepy.
– Når ein gjer det rett, vert det mykje mindre søl med drifting.
– Ein kan ha på seg hjelm og køyredress når ein driftar, utan at nokon syns ein er snål.
– Drifting er meir sosialt enn sex. Om ein ser vekk frå orgiar.
– Ein skal ha rimeleg heftig sex for å få like høgt adrenalin-nivå som drifting gir.

driftvsx

Vi må innrømme at ein av driftnerdane ikkje var einig i at drifting er betre enn sex. Resten av gjengen har funne ut at dette kun kan forklarast ved at han får tilstrekkelige doser med drifting, men at det er verre med sexen, medan det er omvendt for resten av driftnerdane.
IMG_5781.JPG
Bilete er frå SBO photography