Visste du at Arve F. Brekkhus i snitt søv 3 timar i veka? Kven har vel tid til å sove når ein har ræsarbil i garasjen?


Ken Robin F. Midtlien har parkert vogntoget sitt, og funne vegen tilbake til garasjen. Der står Lexusbeistet og ber om å bli tukla og herja med, eit ynskje Ken Robin forsovidt er kjend for å innfri temmeleg heftig.

Kaj Magnus Hagberg har det ikkje travelt med å byggje driftebil. 200SX’en hans er eit prosjekt av den meir langdregne typen. Nei, han byggjer ikkje limosin, men ting tar tid.

Kim Søndergaard hamstrar dekk. Skulle nesten tru han dreiv med drifting eller noko, slik som han samlar inn gummi.

Christian Bakkerud besøkte Reidar og RFS Performance i helga. 657hk og 804 nm på hjul. Datsunpower!


Smygolini var også på benking hjå Reidar / RFS Performance i helga. 868hk og 1203 nm på hjula. Heilt greitt til Opel å vere.


Ørjan Nilsen har ikkje vore til RFS i helga. Han har site og tukla sjølv. Ørjan har ikkje benka noko tal enda, så vi smell til å gjettar på 1436 hk og 2540 nm på hjul for Soareren.


Steffen Tveite har også lyst i benken. Men Supraen må bli ferdig først, og då trengs det peng. Derfor sel han no trekkbilen. Men utan trekkbil, korleis skal då Supraen kome seg på bane? Hmmm… dilemma.