Passiv slanking

January 10, 2015
0

Dag 19 med 6:1 diett

Det er laurdag i dag, den eine dagen i veka eg kan ete. Og du kan tru eg gledar meg. Eg har valt meg ut ei stor, flott peanøtt denne helga og, men denne gongen med skalet på. På denne måten lyt eg jobbe meir for maten og eg kan nyte måltidet over lengre tid. Resten av veka har eg berre drukke vatn, så no vert det fantastisk med eit skikkeleg herremåltid. Sidan eg den siste veka har sett dobbelt, så vert jo middagen i dag dobbelt så stor. Og sidan eg no har fått magesår og halsbetennelse, må eg ete ekstra sakte for i det heile å få i meg noko. Men det er ingen tvil om at dietten virkar. På under 3 veker har eg gått ned heile 370 gram, og det berre ved å ligge på sofaen.

Det skader heller ikkje på vekta at eg har regelmessig, blodig oppkast. Alt blodet ein har i kroppen veg jo sikkert ganske mykje, så det er godt å bli kvitt litt. Neste veke skal eg kutte ned på drikkinga av vatn. Eg har høyrt at nokon påstår at kroppen består av 70% vatn, noko som heilt sikkert er tull og tøys, for hadde min kropp bestått av så mykje vatn hadde eg vel vore mykje flinkare til å symje? Men eg tenker som så at om i det minste 20% av vekta mi er vatn, så er det vel verdt å kutte ned på det også. Det er dessutan blitt vanskeligare å kome seg inn på kjøkenet etter kvart. Magesåret gjer at eg ikkje klarar å strekke meg opp til vasken for å fylle eit glas vatn, og eg får så laus mage av å drikke vatn frå klosettet. Men nok om det, no skal eg nyte nøta mi til det fulle. Berre eg klarar å få av skalet. Nokre av neglene mine har byrja falle av, så eg får sjå korleis det går. Men så lenge eg kan ligge på sofaen er dette dietten for meg.