Christian Bakkerud

December 13, 2016
0

Christian Bakkerud – Pro drifter
(profilbilete av SBO Photography www.sbofoto.no)

IMG_7326.JPGChristian begynte med bilcross i 2005 som 16 åring. Så var han med som mekanikker i Rallycross NM fra 2007-09. Heldigvis dette dumpa til fordel for drifting, når Bakkerud fann ein sliten driftebil med RB25 motor. Motoren vart fort bytta i ein LS1 med kvassare kam og 350hk. 2012 vart det første året med løpskøyring, og “Bakkis” vann begge Semi pro løpa han stilte i. I 2013 fekk han køyrd meir og fikk 2 stk 4. plasser og 2 stk 5. plasser i PRO. Samanlagt fekk han ein meget god 5. plass. I 2014 havna ein ny LS3 frå Chevrolet Performance under panseret. Med den nye motoren på plass klarte Christian ein 2. plass på Vålerbana, 2. plass i Sognasladden, samt ein 1. plass og ein 3. plass i NM, som gjorde at han fekk 5. plass samanlagt i NM 2014 (til tross for eit brutt løp). Bakkerud beskriv sigeren under Final Fight i Skien (siste runde av NM) – der han slo ut Norgesmester Fredrik Myhre i finalen, som den villaste opplevinga bak rattet.

Bil: Nissan Cefiro med LS3 Chevrolet Performance motor på 450 hk og 576nm på hjul.

Gå inn og lik Christian si facebookside på https://www.facebook.com/ChristianBakkerudMotorsport