Best of Gatebil

July 10, 2017
0

Her kjem eit lass med bilete frå helgas Gatebil. Bilda er i noko lunde uorden og tilfeldig rekkefølgje. Forvirra? Vi og.

Øyvind Slinde tok mopeden fatt for å kome til Gatebil.


Ørjan Nilsen og Petter Lauvås ferdig med teknisk.


Sjølvaste Fredric Aasbø har fått augene opp for skillsa til Ørjan


Etter twinsession med Aasbø enda Ørjan faktisk opp med ein ræv-mustasje. Det seier litt om kor tett dei køyrde.


Gatebil er ei bittersøt oppleving for Petter. Feite bilar og heftig køyring, men akk så mange panteflasker i bosset.


Ørjan føler smerta di Petter.


Kenneth Nornes fekk testa ut BMW’en meir i helga.


Med Stokkenes Sexyfjes som kartlesar.


Pickup observert sidelengs, til stor forundring for Lauvåsen.


Ørjan fekk seg ein skikkeleg smellings, men ingenting som kompisane kan fikse.



God som ny!
img_1168.jpg


Mens andre kosar seg på Gatebil, kursar Morten Ivarsflaten dama si, slik at ho etterkvart kan køyre trekkbil.


Litevetta regn, men heldigvis står BMW’en til Alvin Lægreid trygt og turt under tak.


Bimmern til Alvin funka fantastisk i helga, og Oddbjørn Hauglum var ein av dei heldige som fekk seg ein tur.


Verre var det for Petter Lauvås, som hadde mykje tull med R34’en sin i helga.


Eit glas god Lerum-saft er alltid oppmuntrande bilen ikkje vil leike.


Men det ser ut som uflaksen ikkje gir seg for Petter.


Oddbjørn Hauglum får ein etterlengta hårklipp. Den vart kanskje ikkje so fin, men den var veeeldig billig.


Nei, det vart ikkje breisladd på R34’en.


Dermed var det ein småfortvila Lauvås som sat og reiv seg i håret.


Men takka vere supersnillekosekompis Ørjan Nilsen, så får Petter køyre Soareren hans i breisladden. Dermed hastar det med å få nettopp Nilsen sin bil klar, slik at dei kan køyre.


Og det gjekk snabelaktig flott. Begge fekk køyrd breisladden.



Soareren til Ørjan vekker sjølv kræsjtest-dokker til live. Denne dokka vart teken på fersken i det den besudla bilen.


BMW-beistet til Kenneth Nornes snur også hovud, og  er ein ettertrakta fotomodell.


Ken Robin F. Midtlien rakk heldigvis Gatebil og breisladden i tide.




Arve F. Brekkhus var godt nøgd med S15 sin i helga. Steffen Tveite fekk seg ein luftetur.