Bakkerud update

March 16, 2016
0

Vår maskuline, men skjøre Christian Bakkerud har vore NAV-ansatt i det siste pga ein overdreven lang rygg. Det er snakk om at ryggen skal forkortast til eit meir Driftnerd-standardisert nivå, slik at han ikkje skal få all kvinneleg fokus grunna høgden sin. Det ryktas nemleg om at fleire av dei andre Driftnerdane har vorte sjalu.
Dermed har det vorte mange dagar i heimen for Christian.

Christian er kjend for sitt kulinariske talent.

Heldigvis skjer det litt på driftefronten og, til trass for eit litt skrøpeleg lekam.

Bakkerud bøygde alle røyr for hand før, men med uggen rygg er det godt med nokre hjelpemiddel.

Ein ting er å pusse opp Cefiroen. Men meir moro er det med nye deler, noko Cefiroen verkeleg fortjener etter all julinga den har fått av eigar Bakkerud.

Men med ny pedalboks, og fortsatt like lang rygg, så må setet lengre bak og dermed også buret. Den nye pedalboksen var kanskje ikkje fullt so staseleg likevel, etter at Bakkis må leggje ned eit par månaders arbeid, berre for å flytte buret nokre centimeter.