Alvin update

Her kjem ein liten oppdatering frå Alvin Lægreid sin garasje.
Alvin var redd for å bli arbeidslaus på bilen i vinter, derfor reiv han ut alt det elektriske.
I tillegg fjerna han dauvekt, tok ut motor og gir.
Herr Lægreid har dessutan teke eit politisk val, og har flytta over til venstresida.
Nytt pedalsett på plass. Desse er henta frå ein gammal Outrun arkademaskin som Alvin fann på dynga. Gjenbruk er viktig!
Etter at Supraen er bygd om til elbil driven av solcellepanel på vinga, har ikkje Alvin bruk for tanklok lengre. Heldigvis er bakskjermen på bedringens veg etter at Christian Bakkerud antasta den tidlegare i år.
Den andre sida har også fått ein smell. Denne bullen vart laga av ein mur i Kristiansand som ikkje ville stå i ro, men som nærast hoppa på bilen.
Sidan bilen ikkje har airbag lengre, vurderer sjåføren nokre alternativ. Her er eitt av dei. Det kjennest langt tryggare å køyre med bestemor si gamle sofapute i frontruta. Det einaste er at sikta framover vert redusert ein brøkdel. Men Alvin brukar stort sett berre siderutene likevel.
RFS-helt Reidar øver seg på eit liveshow han skal holde i helga. Har du sett performance-utøvarar som står på scena kun iført ei jerntruse, som dei kuttar i med vinkelslipar? RFS PERFORMANCE. Vi seier ikkje meir…
Arve er også innom for å lage senkesett til Quattroen. Ja altså; når han ikkje besvarar dryppande våte meldingar frå kvinnelige fans…