Alvin Lægreid

Alvin Lægreid – PRO drifter
 IMG_7229.JPGAlvin har køyrd sidan 2010. Då hadde han ein s15 med 336hk, som han kræsja på Gardermoen Final Fight. I 2011 kjøpte han sin noverande Supra og køyrde kun for moro dette året. I 2012 fekk Lægreid 3. plass i Breisladden på Gatebil Mantorp. I 2013 blei bilen ombygd att med sekvensiell Dogbox og større radiator for bedre kjøling. 2013 vart dermed ein sesong med mykje showkøyring og moro, men samstundes ein del problem med bilen. Han fekk kun tid til å delta i 1 løp og tok då ein god 8. plass. I 2014 sesongen vart bilen igjen plukka ned. Radiator vart flytta bak og Alvin installerte mekanisk bensinpumpe. Dette gjorde susen, og det vart henta ut ekstra effekt. Toyota Supra’en med 2JZ-GTE fekk 828 hk og 1010 nm på hjul. Alvin takkar spesielt Reidar og RFS Performance for all hjelp og støtte til å utvikle bil og motor, utan han hadde det ikkje vore mogleg for Alvin å kome so langt.

Merittar: 2014: 4. plass i 2. runde av NM, Kristiansand. 11. plass i 3. NM-runde i Bergen. Noregsmestar i Breisladd 2014.

Sponsorar: RFS Performance , Neumann bygg, Kaupanger Bil , Sogn Bilskade , DocRace Manifolds, MVP Motorsport, VEMS, Elvagjeng Transport, BS-Bildeler og Pluto Performance.