Alfei sin Ascona B

Her er ein liten smakebit av Joakim Alfei sin Opel Ascona B.
Alfei jobbar no med ein 81 modell Ascona B. Denne er sett saman mange biltyper, alt frå Opel, Mazda, Nissan og Volvo. Til dømes har den s13 for- og bakaksling m/ coilovers foran og bak. Spindlane er kappa og kortet inn, med heimesnekra nedre bærebruer for bedre vinkel. Motoren kjem frå ein Mazda RX7 FD3S 94 mod, ein motor valgt ut frå den råe lyden. (Red: Det er jo spanande med noko anna enn 2JZ og!) Eksospipe går ut på høgre sida for å grille shortsleggar, og med 8-punkts veltebur skal det også gå an å take litt om den lysta kjem.
Med motor ute pga dårlig kompressjon på fremre rotor, så vert det nye rotorhus. Desse skal få seg ein porting for betre flow. I tillegg blir det singelturbo, større dyser, datasprut, forsterka apex’er og forbetra kjøling på motoren. Kvifor dette oppsettet på bilen? Jo fordi Alfei vil byggje noko som ingen andre har.
Som Joakim seier: “If you cant buy it, just build it”.