5 raske: Ove Bjørge

Driftnerd : For dei som ikkje kjenner ditt vakre vesen, kven er legenda Ove Bjørge?
Ove : Eg er ein heilt vanleg, jordnær kar frå vestlandets hovudstad: Osterøy. Eg har konkurrert i drifting i 6 år. Bilen min er ein trufast Volvo 245, med ein kompressormata V8på beskjedne 520hk og 625nm på nava.
: Sjølv om den har fått Michelinstjerne, har mang ein tilskodar satt den kulinariske «Driftweekend-hamburgaren» i halsen når dei har sett din episke Volvo stasjonsvogn trille ut på bana. Men dei knaskar fort vidare i ekstase når dei ser den heftige køyringa di. Kva var grunnen til at valet på driftebil fall på ei gammal, svensk handlevogn?
: Eg tykkjer det jo det er litt artig å ha noko anna enn dei klassiske BMW, Toyota og Nissan driftebilane. Og når det i tillegg funkar greitt er det ekstra moro. Bilen får jo veldig mykje merksemd, og det er ein del som hevar augnebryna litt ekstra når det kjem ei gammal varevogn og røykleggjer området.
: Du er med andre ord ikkje redd for å skilje deg ut. Er det derfor du heller ikkje køyrer Toyota HiAce? Ja, ikkje ein gong som trekkbil? Osterøy er jo kjend som HiAcens heimland. Får du mykje hat for å ha gått vekk frå morsarva?
: Ja det er eit hardt HiAce miljø lokalt på Osterøy. Eg hadde sjølvsagt nokre ungdomsår i HiAcen, før eg klarte å bryte ut av miljøet og kom meg over på ein smalare, men tryggare sti her i livet. Eg tykkjer at ein gammal Volvo med V8’ar må vere ein god nok nummer 2, etter HiAce.
: Du har jo gode erfaringar frå KDW, med både siger og ein rekke pallplasseringar på Sognasladden. Vil du sei at driftebana på Kaupanger er spesielt bra for containerar med V8?
: Eg er litt i tvil om Volvoen eigentleg passar spesielt bra på Kaupanger, sidan det er ein stor og tung bil, og bana er smal og teknisk. Men eg tykkjer uansett at bana eg kjempeartig! Eg får jo ikkje tid til å tenkje meg om mellom svingane, men må berre halde full gass og ratte.
: Til sist, kva er det beste med KDW? Kva er det som lokkar deg og båten din hit kvart einaste år?
: Dette er det einaste driftingarrangementet på denne delen av Vestlandet, so det er klart eg må støtte oppunder alt eg kan. I tillegg er det jo eit veldig sosialt treff, som no har vakse seg stort med masse publikum. Ja, kanskje bortsett frå i år grunna korona. Og so er det jo noko heilt eige sidan dette er det siste treffet i året. Alle sjåførane gir litt eksra sidan vinteren og skrusesongen står for tur. Men ikkje minst er det ein fantastisk gjeng som står bak og gjer ein fantastisk jobb. Applaus og hatten av for dei! Det er rett og slett årets treff for min del!
Me takkar gutane for flott innspel