Før Mantorp

Øyvind Slinde har stor suksess på jobben. Ingenting er som ein jobb som får deg til å føle deg sexy.
–
Christian Bakkerud sin Cefiro funkar som flesk.
–
Men den har nokre skavankar og småtteri som må fiksast før Mantorp.
–
Takk og lov for sponsorar.
–
God som ny!
–
Når du treng delar raskt er det godt å ha Driftnerd-venner.
–
So var bilen klar til Mantorp, med sprut!
–
Og når bilen er klar, er det berre ein måte å feire på. KAKEEEE!
–
Petter Lauvås, som skal vere med Bakkerud til Mantorp, varma opp med ein treningsrunde på Kaupanger denne veka.
–
Og trur du ikkje pantesjef Petter fann gull på vegen? Rett i overskot!
–
Framme på Kaupanger og klar til trening.
–
So var det heimover for litt småfiks før Mantorp.
–
Og så var Petter ferdigpakka, klar til å vere med Christian Bakkerud, som har lova foreldrene hans å passe han i helga.
–
s15 til Arve F. Brekkhus skal ikkje til Mantorp. Men inni heite so feit den er.
–
Men sjølv om ikkje bilen skal til Mantorp, skal heldigvis Arve det. Som den superhelten han er, vil han vere parat til å redde einkvar stakkars sjel med havari.
–
Ein powernap seinare er superhelten klar, berre han får i seg litt koffein.
–
Ørjan Nilsen har berre litt småpynt på Soarer’en, så er det bånn gass.
–
Stig Smygen Wilhelmsen skal ikkje til Mantorp dessverre. Mang ein fan vil måtta ta til tårene i det dei innser skuffelsen av hans manglande oppmøte. Røde Kors er kontakta og vil ha eit utvida støtteapparat på plass.
–
Morten Ivarsflaten har ikkje ferdig bil å reise nokon som helst plass med. Perfeksjonistprosjektet hans tek nok noko lengre tid Men han har fått gjort litt denne veka. Blandt anna ny dash.
–
Steffen Tveite har også mykje jobb foran seg, på Supraen.
–
Det er godt å sjå at han ikkje tok skrekken etter nær døden opplevinga tidlegare denne veka.
–
Klar for Mantorp i eige luksushotell, sjølv utan Supra.
–
Vegard Nes Olsen såg denne skjønnheita ein dag. Nokon som kan forklare kva slags vesen dette er?
–
Kenneth Nornes er klar for Mantorp, og revansj etter sist runde, der han knakk ein dings som sa pang som gjorde at bilen gjekk framover. Så då gjekk ikkje bilen framover, sidan dingsen sa pang. Eller noko slikt.
–
Øyvind Slinde blir med på turen, som offisiell Driftnerdmekanikar. Klar for å misbrukast av nerdsa.
–
Kim Søndergaard leiar Gatebil Driftseries, og må forsvare tittelen sin. Klart han skal til Mantorp og! Men først, eit lite treff med ei måke…